Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Sogn søndag 01.04.2018

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Det finst framleis vedvarande svake lag i snødekket som kan bli påverka av ein skiløpar, spesielt der snødekket er tynt. Fjernutløysing av skred er mogleg.

Skredfarevurdering

Vedvarande svake lag av kantkorn nede i snøen er viktigaste skredproblem. Det varierer kor utbreidd slike lag er og kor lett dei vil føre til brot under vekta av ein skiløpar. Sjølv om det ikkje er like lett å oppdage fareteikna og påverke dei svake laga no som tidlegare i veka, er konsekvensen like stor dersom skred allikevel blir løyst ut. I hovudsak ventar ein at str. 2 skred er mest sannsynleg, men str. 3 kred kan òg gå i få bratte heng. Fjernutløysning er framleis mogleg. Det er lettast å påverke vedvarande svake lag der snøoverflata er mjuk og snødekket er tynt.

Det er òg mogleg for ein skiløpar å løyse ut skred i fersk fokksnø der denne ligg over et svakt lag av lausare snø eller smelte- fryseskare. Den ferskaste fokksnøen er mest utbreidd i hellingar som vender mot vest og nord.

I bratte, solvendte hellingar vil det kunne gå våte løssnøskred (str. 1).

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Lørdag 31. mars 2018

Under ca. 600 moh er snødekket prega av tidlegare mildvêr. Høgare til fjells varierer snødekket mellom vindpåverka snø og lausare snø i skjerma formasjonar. Utsatte stader har hard snøoverflate.

Det finst vedvarande svake lag av kantkorn under den ferskaste snøen. Det varierer kor fast den ferskaste snøen er.

28.03 lausna det eit stort skred, sannsynlegvis str. 4, i Fjærland og fleire skred (str. 2 og 3) i Leirdalen.
29.03 vart det observert fleire str. 2 skred på Togga i Sogndalsdalen.

Mange stader i regionen ligg det ca. 15 cm laus snø tilgjengeleg for vindtransport. Denne snøen er utsett for oppbyggande omdanning.

Fjellvær

Lørdag 31. mars 2018

Oppholdsvær. Stille/svak vind fra nordvest. -16 °C til -8 °C på 1400 moh. Klarvær.

Søndag 1. april 2018

Oppholdsvær. Bris fra nord. -16 °C til -7 °C på 1400 moh. Klarvær. Lite vind og variernede retning.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS